Hopp til hovedinnhold

I dag kan du sjekke eller bestille skattekortet ditt for 2021 ved å logge inn med ID-porten. Nytt av av året er at kø-løysinga for ID-porten er tatt i bruk på tenesta.

15. desember 2020
Bilde av kvinne som bruker PC for å for å se opplysninger om skattekort

Tidlegare i haust anskaffa Digdir ei sky-basert kø-løysing for å beskytte infrastrukturen til ID-porten og kundar som har særleg høg trafikk. Skatteetaten har valt å ta i bruk kø-løysinga for tenesta skattekort. Alle som loggar inn får sin plass i køen, samstundes som tenestene og ID-porten vert skåna for det auka volumet.

Stort volum og stabile tenester

Frå januar til og med november i år har det vore over 226 millionar innloggingar i ID-porten. Dette er ei markant auke samanlikna med same periode i fjor. Kø-løysinga er dermed eit viktig grep i å sikre stabile tenester for kundane våre og innbyggjarane.

- Det er begrensa kapasitet i ID-porten og på dei meste populære eID-ane. ID-porten vert i stand til å handtere eit mykje større volum brukarar og gi ein betre brukaroppleving om me kan å kutte litt i toppane, fortel Kjetil Melheim, driftsleiar for ID-porten.