Hopp til hovudinnhald

Vi har i dag helde eit webinar som omhandlar flytting frå gamal til ny plattform. Du får siste statusoppdatering, vi snakkar om testmiljø og gjev deg ein demo av korleis flytte ei teneste.

15. mars 2023

Innhald i webinaret

Thor Kristian Sortevik og Olav Skarsbø oppdaterer dykk på kva som har skjedd sidan førre webinar 16. februar.

Du får høyre om dei praktiske stega for å byte til nye ID-porten, nokre viktige sjekkpunkt og vi avsluttar med ein demonstrasjon av korleis Tilsynet for universell utforming av ikt flytta si teneste for tilgjengelegheitserklæring frå dagens testmiljø over til det nye.

Webinaret passar både for deg som lurer på kva flyttinga inneber, samt deg som skal utføre det praktiske.