Hopp til hovudinnhald

Midlertidig nedetid onsdag 7. januar

På grunn av planlagt vedlikehold vil nettsiden være utilgjengelig onsdag 7. januar. Nettsiden vil være tilgjengelig igjen når arbeidet er fullført. Takk for tålmodigheten.

Som omtala på Brukarrådet hausten 2023, har DigiUng og prosjektet MinID for Ungdom gitt innsikt og sette i gang utviklingsprosessar hos MinID. Måla er at det skal vere enklare å skaffe seg MinID frå fylte 13 år, samt at fleire offentlege tenester skal ta i bruk MinID.

Laga: 11. mars 2024

Vesentleg meir brukarvennleg

Med endringane som har vore gjort i 2023 og 2024 er MinID betydeleg oppgradert. 24. januar i år vart nye brukargrensesnitt tilgjengeleg i MinID. Desse har gjort det enklare for brukaren både å logge inn til tenester og lage nytt passord. Funksjonaliteten er tilgjengeleg både i appen og webløysinga. Nye brukargrensesnitt, i kombinasjon med at MinID kom over på ny plattform i 2023 og leverer ei hastigheit som ikkje har vore mogleg tidlegare, har forbetra brukarvennlegheita vesentleg.

Brukargrensesnitt MinID
Brukergrensesnitt MinID

Ein sikrare elektronisk ID

I fjor vart pin-kodar fasa ut og erstatta med aktiveringkode med avgrensa levetid, i tråd med lovverk og internasjonal standard. Måten data vert lagra i databasen er forbetra, og MinID brukar no ny og betre krypteringsteknologi, som skal sikre at brukaren sitt passord ikkje hamnar i feil hender. I tillegg er det lagt til rette for nye og forbetra 2-faktor-metodar som til dømes godkjenning i app og tidsavgrensa eingongspassord (TOTP) for autentiserings-appar. Desse grepa har gjort MinID til ein enda sikrare elektronisk ID.

MinID i framtida

Framover ønsker vi å gjere MinID meir tilgjengeleg for enda fleire. Brukaropplevinga skal forenklast ytterlegare, slik at løysinga vert lettare å bruke også for dei yngste brukarane.

Vi skal køyre ein ny pilot i skulen der fleire elevar kan få MinID i klasserommet. Da vil vi pilotere heile verdikjeda med autorisasjon, førehandsprovisjonering, utsending og registrering.

Vidare kjem vi til å lansere ein ny sjølvregistrert MinID-variant. Denne skal ved hjelp av 1-faktor gjere det mogleg å gjenkjenne brukarar utan norsk folkeregistrert identitet i enkelttenester på nett og på tvers av desse tenestene.

Vi har også planar om å bygge ut MinID med digital ID-kontroll så snart regelverket er klart for dette.

Lommebokteknologi er også noko vi vurderer i MinID-kontekst.