Hopp til hovudinnhald

Årets 10.-klassingar gjer seg klar for å søke på vidaregåande skule. Digdir har sjølvsagt ein finger med i spelet.

10. desember 2021
bilde av klasserom
bilde fra pexels.com

Digitalisert skulesøking

Det byrjar å bli lenge sidan ein søkte på skule på papir. Dette var ei teneste som tidleg vart digitalisert, og har gjort oppgåva raskare og lettare å gjennomføre for skuleelevane.

Kvart år før jul er det eit samarbeid mellom Digdir og Vigo, der me får inn informasjon om kven som skal søke på skule komande skuleår. Alle dei som ikkje allereie er brukar av ID-porten får då tilsendt eit kodebrev til MinID.

I år tilsvara dette over 55.000 ungdommar!

Kodebreva vart sendt ut i byrjinga av denne veka, og er sannsynlegvis allereie begynt å dukke opp i postkassane til elevane, innimellom juleposten.

Vi ynskjer elevane lukke til med søkinga!