Hopp til hovudinnhald

Klikkar du på alle lenker du mottek på epost eller SMS? Sjølv kor sikre dei ser ut? I oktober har vi ekstra fokus på sikkerheit og nettvett.

20. oktober 2021
Person som fisker

Phishing er alltid eit tema

Ein god tommelfinger-regel er å tenkje at "phishing"-bakmenn aldri tek ferie. Når eit forsøk er avslørt er det ikkje lenge før eit nytt er i gang. Og dei vert stadig flinkare på utforming.

Vi har fleire eksempel der ID-porten har vore "brukt" i forsøket. Sjølvsagt ikkje den ekte ID-porten, men dei som står bak forsøket har laga noko som kan vere svært likt på den ekte vara. Derfor er det greitt å alltid ha eit kritisk blikk på det ein får inn på e-post og SMS.

Svindlarane kan vere ganske avansert i sine phishing-forsøk

Her har dei kopiert utforminga til BankID i eitt av sine forsøk.

phishing BankID

Ver kritisk

Still deg sjølv desse spørsmåla når du får ein epost/SMS som kan virke mistenkeleg:

  1. Avsendar av epost/SMS - er dette ei adresse verksemda faktisk bruker?
  2. Er innhaldet truverdig?
  3. Er det godt språk?
  4. Ber dei om kontonummer eller liknande opplysingar?

Er du usikker på om meldinga du har motteke er reell, kontakt verksemda som tilsynelatande har sendt den. Ikkje svar på meldinga du har fått - finn kontaktinformasjon på nettsida til verksemda.

Ver oppmerksom på at desse svindlarane stadig vert meir avanserte og vanskelege å avsløre, så det er betre å vere kritisk enn godtruande. Offentlege instansar vil aldri be deg om kredittkortnummer.