Digdir og KS ynskjer å bidra til digitaliseringsarbeidet ute i regionane. Denne veka besøker vi Digi Møre og Romsdal i Molde, saman med KS og KS-DIF.
Ingeborg Johnsrud Dyrnes i Digi Møre og Romsdal har invitert med si styringsgruppe og arbeidsutval.
Frå Digdir deltek Ole Petter Heggestad og Aud Inger Sviggum. Anne-Lena Straumdal, Andreas Grønbekk deltek frå KS, samt Hanneke Maria Brouns frå KS-DIF som deltek digitalt.
Med utgangspunkt i status og presentasjon av regionen, vil KS og Digdir gå gjennom sine roller og gje ein presentasjon av relevante fellesløysingar.
Viktige informasjonskjelder, inkludert statistikk for bruk og utbreiing av fellesløysingar, vil også bli gjennomgått
Dette er første gongen vi gjennomfører denne typen felles møte med regionale digi-nettverk, i samarbeid med KS.
- Slike samarbeidsmøte er viktige og noko vi kjem til å dra nytte av i vårt vidare arbeid. Vi ser fram til å bli betre kjent, noko som også er eit viktig mål for dagen. Overordna mål er å byggje lag og samarbeide om å nå mål i digitaliseringsstrategien. Vi ser og fram til å einast om konkrete oppfylgjingspunkt, sier Aud Inger Sviggum frå Digdir.