Hopp til hovudinnhald

Arbeidet med å få på plass nye ID-porten har pågått i mange år. No er vi i mål og vi er veldig fornøgde og stolte av resultatet.

21. mars 2024

Den gamle løysinga

Gamle ID-porten såg dagens lys i 2010. Den gamle løysinga var bygd på då tidas OpenAM-teknologi og arkitekturval som vi tok for 10-15 år sidan. Volum og trafikk har auka kontinuerleg sidan den tid, og behovet er eit heilt anna no enn då.

Den gamle løysinga har fungert godt, men vi såg eit behov for å tilpasse oss dagens krav. ID-porten som ei samfunnskritisk-teneste må vere sikker, robust og skalerbar. Omgjevnadane er i stadig endring og Digdir må vere klar til å gjere endringar ofte og raskt.

Kva har vi eigentleg gjort?

Heile ID-porten er etablert på nytt og er utvikla internt av Digdir sine dyktige utviklarar. Nye ID-porten er bygd på Connect2ID og er flytta til ny plattform som er bygd på skyteknologi (private cloud).

Vi har innført nye verktøy for monitorering, overvaking og rapportering, og jobbar meir effektivt med DevSecOps og kontinuerleg utvikling. Utviklinga skjer no i fart og endringar blir sett i produksjon fortløpande utan driftsforstyrring.

Erfaringar så langt

Nye ID-porten har vore i produksjon med trafikk sidan april 2023. Den har vore stabil og har ikkje hatt problem med å takle høg trafikk. Den legg til rette for auka endringstakt og vi kan levere endringar fortløpande ved behov. I tillegg kan vi lettare halde programvaren oppdatert.

Som forventa har vi hatt nokre hendingar no i byrjinga. Hendingar og nedetid vil vi helst unngå, men likevel er hendingane nyttige på den måten at dei hjelper oss å luke ut feil og lage ei enda meir robust løysing. Saman med vår driftspartner har vi handtert og lært mykje av hendingane vi har hatt på den nye løysinga.

Hugs å abonnere på Status Digdir for å få informasjon om vedlikehald og driftsavvik på ID-porten.

Migrering av tenester til nye ID-porten

Vi i Digdir har lagt ned mykje arbeid i migrering av tenester frå gamle til nye ID-porten. Arbeidet vart påbegynt i Q1 2023 og ferdigstilt ved avvikling av gammal OIDC-provider 26. februar 2024.

Vi har sendt brev og e-postar, helde 8 webinar, skrive månadlege løypemeldingar, snakka om ny systemarkitektur og ID-porten på brukarrådet og andre konferansar. Vi har ringt kontaktpersonar, gjennomført ein til ein møter, hatt dialog på Slack og hjelpt kundar og leverandørar som har hatt behov for det.

Alle desse aktivitetane og timane vi har brukt på dette viste seg å vere vel investert, for då vi avvikla gammal OIDC-provider så var omlag alle tenestene flytta. Ei stor takk til kundar og leverandørar som har høyrt på oss og migrert i tide.