Hopp til hovudinnhald

Verksemdsertifikatet til Digdir for ID-porten i produksjonsmiljøet må fornyast. Alle som brukar SAML og har tenester mot ID-porten må laste ned og implementere våre nye metadata innan 20. mars 2022.

25. mars 2022

Denne artikkelen vart fyrste gong publisert 24. januar 2022.

Kven må byte metadata?

Alle som brukar SAML og har tenester mot ID-porten må laste ned og implementere våre nye metadata som inneheld det nye sertifikatet.

Kommunar og andre tenesteeigarar som har ein leverandør som driftar eller forvaltar tenesten trenge ikkje foreta seg noko, det er leverandøren som må byte metadata.

Kva endringar inneheld metadata?

  • Nytt verksemdsertifikat
  • Nye endepunkt
  • Ny EntityID for ID-porten

Meld i frå til Digdir når de byter metadata

Me ynskjer at de byter metadata så snart som råd og ikkje venter til 20. mars som er utløpsdato.

Når de endrar metadata må Digdir gjere ei konfigurasjonsendring i ID-porten for at single logout skal fungere. Det er difor viktig at de gjev oss ei rask tilbakemelding når de har gjort endringa.

Fint om de skriv "Sertifikatbyte SAML" i emnefeltet om de sender oss e-post, og hugs å oppgje EntityID for integrasjonen.

Har de spørsmål kring byte av metadata må de ta kontakt, merk all korrespondanse "Sertifikatbyte SAML".

Kontaktinformasjon

Servicedesk