Hopp til hovudinnhald

Appen Smittestopp har runda 1 million nedlastingar. Appen er no tatt i bruk av nesten 23 prosent av befolkninga over 16 år.

Laga: 27. april 2021

Avlastar arbeidet til kommunane

Smittestopp vart lansert 21. desember, og antal nedlastingar har stege jamnt og trutt sidan lanseringa. Appen er eit viktig bidrag til å forhindre at smitten sprer seg i samfunnet.

Dette er en milepæl, og spesielt viktig siden det fremdeles er høy smitte flere steder i landet. Det kan avlaste arbeidet med smittesporing som blir gjort i mange kommuner.

Bruk av ID-porten

For å melde at du er smitta loggar du inn med ID-porten. Så langt har nesten 3000 meldt seg smitta gjennom Smittestopp.

Dersom du har testa positivt oppgir du dette sjølv i appen. For å bekrefte at du har testa positivt loggar du inn med ID-porten. Smittestopp vil sjekke at du er registrert som smitta, og det er fødselsnummeret ditt som blir brukt for å sjekke om du er registrert som smitta eller ikkje. Appen sjekkar så vidare om du har vore i nærleiken av telefonen til andre brukarar med appen. I tilfelle vert desse varsla, utanom at det vert formidla opplysningar om kven som varslar om smitte.