Hopp til hovudinnhald

ID-porten med MinID og Kontakt- og reservasjonsregisteret har no støtte for syntetisk personidentifikator (PID) i ver1 og ver2. Du kan nytta syntetisk testdata frå Skatteetaten sitt testfolkeregister (Tenor) for innlogging i ID-porten.

20. desember 2021

Foreløpig ikkje støtte for nivå 4 eID-ar

Nivå 4 eIDar, BankID, Buypass og Commfides, har framleis ikkje støtte for PID, men det vil koma for BankID like etter nyttår.

eID til testformål

Digdir har også innført testID i våre testmiljø. TestID er utvikla for testformål og let brukaren autentisere seg berre ved å oppgje ein syntetisk identifikator. Identifikatoren treng ikkje vere oppretta på førehand i ID-porten og ein treng ikkje passord/OTP ved innlogging.