Utkast til ny nasjonal strategi for eID

Kommunal- og distriktsdepartementet har sendt ut utkast til ny strategi for eID i offentleg sektor. Det er viktig at alle har moglegheit til å logge seg på offentlege digitale tenester, seier kommunal- og distriktsministar Sigbjørn Gjelsvik.

28. jun 2022

Dagens strategi er frå 2008, og regjeringa sender no forslag til ny strategi for eID i offentleg sektor på høyring. Målet er at alle skal kunne skaffa seg ein eID og at ein får til ein velfungerande konkurranse i eID-leverandørmarknaden.

Fleire tiltak

Utkastet til ny strategi innheld fleire tiltak. Mellom anna:

  • offentleg eID på høgt nivå som supplement til marknadsløysingane og fullmaktsløysingane som gjer det mogleg å få tilgang til offentlege tenester på vegne av ein anna
  • Legge til rette for digital ID-kontroll, rammar for bruk av eID i jobbsamanheng for offentleg tilsette
  • Tiltak for å styrke felles IT-løysingar som bygger opp under samordna innlogging til offentlege tenester.

Les pressemeldinga frå regjeringa.

Høyringsfristen er sett til 22. august.