Hopp til hovudinnhald

I dag opna Tietoevry sitt årlege brukarforum på Quality Hotel Expo på Fornebu for sine kundar og partnere. Digdir er på plass på konferansen og har eigen stand.

Oppretta: 23. november 2023 Sist endra: 28. november 2023
Tietoevry Brukerforum 2023

Openheit og tillit

Som ein av dei store leverandørane av saksbehandlingssystem i offentleg sektor, er Tietoevry ein viktig samarbeidspartner som vi i Digdir har jamnleg dialog med.

Tema for årets konferanse er openheit og tillit. Konferansen blei innleia i går med kurs og workshops, og i dag var det offisiell opning av leiar Torben W. Kristensen. Paul Chaffey var invitert inn for å snakke om digitaliseringa i stat og kommune, og korleis det går. Han påpeika at ingen kan ingen løyse samfunnsutfordringane i digitaliseringa åleine. - Vi er avhengige av gode endringsprosessar, behov for samanheng og openheit. Han oppfordrar alle til å lese Riksrevisjonen sin rapport som blei publisert tysdag denne veka.

Chaffey snakka også varmt om KI strategien og oversikta over KI-prosjekt i offentleg sektor. Han trakk også fram Digdirs veiledningsmateriale for bruk av kunstig intelligens.

Møt oss på Digdir-standen

Aud Inger Sviggum og Ole Petter Heggestad er til stades på konferansen og er å treffe på Digdir sin stand like ved resepsjonen. Dei er i godt i gang med kontaktskapande aktivitet. - Me opplever at verksemdene set pris på at me er her, seier Aud Inger. - I møte med deltakarane er vi opptekne av å lytte til behov, knytte kontaktar og skape dialog. Me skal også aktivt få ut vår bodskap knytta til fellesløysningane våre.

Vi ønskjer alle velkomne innom Digdir-standen for ein prat. Konferansen avsluttast i morgon etter lunsj.