Hopp til hovudinnhald

Oktobertala viser høg bruk for fleire av fellesløysingane våre, men ein svært sentral løysing for offentleg sektor fortset sin høge trafikk.

16. november 2022

Kontakt- og reservasjonsregisteret er ein bærebjelke i digitaliseringa av Norge. Registeret inneheld kontaktinformasjon til 4,9 millionar innbyggjarar, og er ein forutsetning for digital kommunikasjon frå det offentlege.

I oktober gjorde dei 938 verksemdene som nyttar registeret over 176 millionar oppslag for å hente kontaktinformasjonen til innbyggjarar.

Fullt trøkk året rundt

Ser ein vekk frå juli måned der det "berre" var 148 millionar oppslag mot kontaktregisteret har det vore over 160 millionar oppslag kvar einaste månad i 2022. Det betyr at ein i løpet av november når 2 milliardar oppslag mot innbyggjarar sine digitale kontaktopplysnngar.

Status for Kontakt- og reservasjonsregisteret i oktober

Sjå oppdatert statistikk for fellesløysingane