Hopp til hovudinnhald
24. november 2023
5 minutt å lese

I dette blogginnlegget frå vår eigen Kine Dale Strøm får du høyra meir om gevinstar ved bruk av fellesløysingane.

Alle veit at det er smart å løysa like behov i fellesskap, heller enn at offentlege verksemder skal sitta kvar for seg og lage tilsvarande løysingar på eigenhand. Fellesløysingane gjer nettopp dette - løyser like behov som oppstår ute hjå verksemder som digitaliserer og forbetrar sine tenester og si verksemd.

Kor mykje sparar det offentlege på at me har fellesløysingane? Gevinstar ved å bruka løysingane våre er noko vi har jobba ein del med her i Digdir. I fjor haust fekk vi hjelp av Oslo Economics til å få på plass gevinstmodellar for nokre av Digdir sine fellesløysingar.

Gevinstar er vanskeleg

Alle som har har jobba med gevinstar og gevinstrealisering, veit at dette er vanskeleg. For vår del er det ekstra krevjande at gevinstane oppstår andre stadar enn i eigen verksemd. I tillegg er det ganske mange som brukar løysingane våre. Per i dag vert fellesløysingane brukt i rundt 12 000 ulike offentlege tenester. Det seier seg sjølve at me ikkje kan bruka ressursar på å kartleggje gevinstar i detalj der ute i alle verksemdene, dette er heller ikkje noko vi har mandat til å gjere.

Mest mogleg presise og virkelighetsnære forutsetningar

Det er likevel nokre ting vi veit er felles for verksemdene som brukar løysingane våre. Gevinstmodellane vi har fått på plass er generiske, og vi meinar dei gir oss eit godt bilete på gevinstar i stort. Vi har jobba ein del med forutsetningane som må på plass for å kunne beregne dei prissette gevinstane - At desse skal vera mest mogleg presise og virkelighetsnære.

Ta ID-porten til dømes. Korleis hadde verksemder løyst sitt behov for innlogging dersom ID-porten ikkje hadde eksistert? Det er kanskje lite truleg at alle offentlege verksemder hadde laga si eiga påloggingsløysing. Mer truleg ville dei nok sjøl ha etablert ein integrasjon med ein eID-leverandør, slik som til dømes BankID, mot sine tenester som krev innlogging. Men då til ein høgare kostnad enn den vi har med ID-porten i dag. Ein av fleire grunnar til at det er smart med fellesløysingar er jo stordriftsfordelane det gir å drifte og forvalte ein stad, heller enn fleire.

Over ein halv milliard kroner i nettogevinst i fjor

I tillegg til "reine" stordriftsfordelar, er spart tidsbruk i offentleg sektor det analysane til Oslo Economics viser er dei største prissette gevinstane. For 2022 er nettogevinstar ved bruk av løysingane beregna til rundt 600 millionar kroner. Ser vi på framtidige gevinstar fellesløysingane er venta å gi i ien 10-års periode, er desse beregna til 10 milliardar kroner (akkumulert for heile perioden).

Fleire av offentleg sektor behov må løysast i fellesskap

I dette blogginnlegget viser vi til dei prissette gevinstar kun for nokre av Digdir sine fellesløysingar. Tek vi for oss alle fellesløysingane i offentleg sektor er det klart at gevinstane blir større. I tillegg til at bruken av fellesløysingar gir store prissette gevinstar, bidreg det til at offentlege tenester er enkle å bruke, gjenkjennbare og heng saman, uansett kva etat eller verksemd som tilbyr tenesta.

No som vi står ovanfor eit trangare økonomisk handlingsrom, tvingar det oss til å tenke annleis om korleis vi utvikler og forvaltar digitale tenester. Fleire av offentleg sektor sine behov må løysast i fellesskap. Dette sparar forvaltninga for ressursar, og vi blir meir berekraftige. Så ja - Det er smart å løyse like behov i fellesskap.

Om gevinstmodellane:

  • Beregnar samfunnsøkonomiske nytte- og kostnadsverknadar for: ID-porten, Kontakt- og reservasjonsregisteret, Maskinporten, eFormidling, eInnsyn, eSignering og Digital postkasse til innbygger.
  • Vert brukt til å verdsetta prissette verknadar av løysingane, som spart tidsbruk i offenteg sektor, sparte transaksjonskostnadar og andre besparelser som følgje av stordriftsfordelar.
  • Modellane beregnar prissette gevinstar basert på bruksdata og løysingsspesifikke forutsetningar for gevinstar og kostnadar.
Bilde av Kine
Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet

Kine Dale Strøm

Kommenter

Felt merka med ei raud stjerne (*) er obligatoriske.

Innhaldet i dette feltet er privat og kan ikkje lesast av andre.
Er du eit menneske?
3 + 10 =
Solve this simple math problem and enter the result. E.g. for 1+3, enter 4.