Hopp til hovudinnhald

EU-kommisjonen har sendt ut fire nye forslag til gjennomføringsrettsakter til eIDAS 2.0 på høyring. Her får du oversikt over rettsaktene, kva dei inneber og korleis du kan gje innspel innan fristen 2. oktober.

Laga: 05. september 2025

EU-forordninga eIDAS 2.0 dannar grunnlaget for europeisk digital identitet, mellom anna gjennom innføringa av den europeiske digitale identitetslommeboka. For å sikre eins gjennomføring og oppfølging, blir det vedteke ei rekkje gjennomføringsrettsakter som spesifiserer tekniske og organisatoriske krav til ulike aktørar og tenester.

Desse rettsaktene kan du gi innspel på no

Qualified trust service providers – requirements on compliance and security
Rettssakta set standardar og prosedyrar for tryggleik og etterleving hos kvalifiserte tillitstenesteleverandørar i EU. Føremålet er å sikre at slike leverandørar held høge krav til tryggleik og etterleving, slik at elektroniske signaturar og andre tillitstenester kan brukast sikkert og lovleg på tvers av europeiske land.

Advanced electronic signatures and seals – formats to be recognised by public sector bodies
Fastset standardar for avanserte elektroniske signaturar og segl som offentlege aktørar skal godta i EU. Føremålet er å sikre interoperabilitet og juridisk gyldig bruk av slike digitale signaturar på tvers av grenser og system i den europeiske offentlege sektoren.

Qualified certificates for website authentication
Fastset krav til standard og spesifikasjonar for kvalifiserte sertifikat som brukast til autentisering av nettsider i EU. Føremålet er å sikre påliteleg identifisering av kven som står bak ei nettside, og legge til rette for trygg kommunikasjon mellom brukarar og offentlege eller private digitale tenester

Qualified electronic archiving services
Set reglar og referansestandardar for kvalifiserte elektroniske arkiveringstenester i EU. Føremålet er å sikre at elektroniske dokument og data vert bevart trygt, med integritet og lesbarheit over tid, slik at dei har juridisk gyldig verneverdi gjennom heile arkiveringsperioden.

Slik kan du gje innspel

Alle rettsaktene er ute på open høyring via EU-kommisjonen sin portal Have your say for betre regelverk. Norske aktørar, myndigheiter og andre interesserte blir oppmoda til å lese forslaga og sende inn sine synspunkt. Set gjerne Digdir på kopi slik at vi er informert.

Dette gjer Digdir

Digdir arbeider med gjennomføringsrettsakter på fleire arenaer. Vi deltar i European Digital Identity Cooperation Group (EDICG), som er ei samarbeidsgruppe med føremål å støtte implementeringa av eIDAS 2.0, gi råd til EU-kommisjonen og bidra i utbygginga av «verktøykassa» til europeiske digitale lommebøker.

Digdir samarbeider òg tett med våre nordiske og baltiske kollegaer, og vurderer fortløpande moglegheiter for å levere felles høyringssvar knytta til gjennomføringsrettsakter. Gjennom NOBID (Nordic and Baltic eID project), leia av Digdir under Nordisk Ministerråd, har vi ein god plattform for diskusjonar og samarbeid knytt til innføringa av eIDAS 2.0.