Hopp til hovudinnhald

April er tradisjonelt ein måned med mindre trafikk i fellesløysingane våre, men auken frå april i fjor har vore formidabel på flere av løysingane. I tillegg oppnådde me kanskje årets viktigaste milepæl i april.

Oppnådde viktig milepæl

I slutten av april tok Nav, som første kunde, i bruk ny infrastruktur på Digital postkasse til innbyggjer. Dette var ein svært viktig milepæl for prosjektet, som no går inn i sluttspurten med arbeidet.

Stor auke frå april i fjor

eSignering hadde ein auke på heile 60 % på signeringar frå april i fjor til i år. Dette er ei enorm utvikling for løysinga som fleire og fleire verksemder tek i bruk for å forenkle og automatisere prosessar.

Samtidig gjekk det over 200 000 fleire brev gjennom digital postkasse i april i år enn det gjorde i samme månad i fjor.

Sjå statistikken for april