Hopp til hovudinnhald
08. juli 2021

Anne Lise Breidvik jobbar på brukarstøtta til dei digitale fellesløysingane, og hjelper innbyggjarane med spørsmål om ID-porten, kontaktregisteret, Digital postkasse, eSignering, ELMA, eInnsyn og eFormidling. Ho gir deg eit innblikk i korleis det er å jobbe ved brukarstøtta.

Vi på brukarstøtta er ein flott gjeng med ulik bakgrunn med alt frå lærarar til dyrepleiar, som har eit mål for auge: å gi innbyggarane god hjelp slik at dei kan takle den digitale kvardagen.

Sidan vi er brukarstøtte for så mange fellesløysingar så er spørsmål vi får inn ganske varierte, men med stor overvekt på innlogging og kontaktregisteret. Spørsmåla kjem på telefon, e-post og chat - på alle slags språk, men vi svarar på norsk eller engelsk.

Det er mange utanlandske brukarar som tek kontakt. Dei er ivrige etter å kunne bruke dei digitale løysingane sidan det er enklare når dei er utanfor Norge. Det er alle slags spørsmål som kjem til oss. Alt frå at dei får feilmelding når dei skal logge inn via koronasertifikat og innsyn til saker, til korleis sleppe å betale parkeringsbota dei har fått. Vi svarer på alt som har med våre løysingar å gjere, og så sender vi dei over til verksemdene som eig tenesta for hjelp til sjølve tenesta.

Året er også varierande når det gjeld saker inn til brukarstøtta. Vi merkar med ein gong nokon av verksemdene har lagt ut, eller sendt noko til innbyggjarane som krev innlogging for å utføre. Det siste halvanna året har det vore mange spørsmål relatert til korona.

Brukarstøtta er ei viktig brikke for Digdir i arbeidet med å digitalisere Norge. Vi får tilbakemeldingane frå brukarane og dykk som kundar på løysingane. Då er vi raske med å melde desse tilbakemeldingane vidare.

Det er kort veg mellom alle fagmiljøa i Digdir, noko som er ein stor fordel. Utviklarane og teknisk forvaltning jobbar tett med brukarstøtta for bistand med brukarperspektiv på løysingane vi allereie har og løysingane vi skal utvikle. Det siste året har vi utvikla både MinID passport og Connect2norway. Her har brukarstøtta vore aktivt involvert for å få løysinga mest mogleg brukarvennleg.

Brukarstøtta har også mange andre oppgåver. Vi har ansvaret for lysingsbladet, hjelpesidene for innbyggjarane og norge.no. Nokre av oss jobbar med klart språk, og den kompetansen gir vi andre dersom dei treng det til noko som skal ut på nettet. Vi hjelper teknisk forvaltning med integrasjonar mot Digital postkasse. Vi er med som testarar for utviklingseksjonen. Vi stiller alltid opp dersom nokon får oppdrag som hastar, og hjelper der det trengs.

Brukarstøtten er delt i ei 1.linje og ei 2.linje, der 2.linja har ansvaret for alle hendingar som skjer med våre fellesløysingar. Rolla incident manager jobbar ved 2.linja. Vi er og med i møter med kundar og leverandørar.

Vi er på plass for å hjelpe innbyggjarane med innlogging, sending og lesing av digital post, innsyn i saker, sending og signering av kontraktar og sending av faktura.

Målet vårt er å gi innbyggarane god hjelp slik at dei kan takle den digitale kvardagen.

Rådgiver, Digitaliseringsdirektoratet

Anne Lise Breidvik

Forfattar

Anne Lise Breidvik
Rådgiver, Digitaliseringsdirektoratet

Kommenter

Felt merka med ei raud stjerne (*) er obligatoriske.

Innhaldet i dette feltet er privat og kan ikkje lesast av andre.
Er du eit menneske?
7 + 8 =
Solve this simple math problem and enter the result. E.g. for 1+3, enter 4.