Digdir bør saman med EU ha ei rolle i å utvikle standardar for kva som er ei god digital lommebok og bidra til ein referansearkitektur som gjer det enklare for private aktørar å ta del i marknaden rundt SSI-økosystemet. Dette er rådet frå årets studenter på Leikanger.
DigdirCamp 2021 er over, og som tidlegare år har IT-studentane gjort godt arbeid og lagt igjen ein interessant og nyttig rapport. Studentane har utforska SSI (self-sovereign-identity/sjølvstyrt identitet) og sett opp eit konseptbevis (POC – proof of concept) i form av ei digital lommebok.
Rapporten gir eit overblikk over SSI, dei sentrale begrepa, og gir ein analyse av sentrale teknologiar, utstedarrolla, eigenskapar ved ei digital lommebok, tenester, tillitsrammeverket, sikkerheit, kommunikasjon og standardar. I tillegg formidlar dei tankar om kva rolle Digdir kan spele framover, potensialet for bruk, kommersialisering og marknad.
Studentane meiner Digdir kan ta fleire roller, blant anna utforming av rammeverk og ein standard som offentlege og private aktørar kan ta i bruk. Vidare peikar dei på at Digdir kan opprette grunnidentitet via onboarding med ID-porten, kan ta rolla som informasjonstilbydar knytt til digitale lommebøker, og også lage referansearkitektur koordinert med EU.
For å etterkomme forskriften til EU kan man også se for seg at Digdir kan lage en egen digital lommebok, som et offentlig alternativ. Videre vil offentlig sektor i stor grad ha ansvar for å utstede ulike bevis til brukerens lommebok, som ID, førerkort og utdanningsbevis.