Hopp til hovudinnhald

Utsendinga av digitalt valkort er gjennomført og av om lag 3,5 millionar valkort vart 2,25 millionar sendt til innbyggjar si digitale postkasse.

Digitalt valkort - enkelt og tidsparande

Du treng ikkje valkortet for å stemme, men det kan spare tid i vallokalet. Når du opnar valkortet kan du gjerne ta eit skjermbilde av strekkoden, så har du det enkelt tilgjengeleg når du skal stemme.

Valdagen er 13. september. Frå 10. august til 10 september kan du førehandsstemme.