Første kunde på ny transportinfrastruktur!

NAV er første kunde over på ny transportinfrastruktur for digital postkasse! Dei sender no all digital post til innbyggarar via ny infrastruktur. Dette er ein viktig milepæl i arbeidet med overgang til den nye transportinfrastrukturen.

02. mai 2022

Prosjektet med å etablere ny transportinfrastruktur for digital postkasse går inn i sluttfasen. Framover handlar det om å flytte kundar over på ny infrastruktur, og no er altså dei første digitale breva sendt i produksjon via den nye transportinfrastrukturen! Førre veke kopla Nav seg på ny transportinfrastruktur og er med det første kunde over. NAV sender digital post til innbyggarar med jamnt trykk på om lag 1000 brev i timen, og erfaringane så langt tyder på at alt fungerer som det skal!

Dette er ein stor milepæl for prosjektet! Det er svært gledeleg å sjå at første kunde no sender på ny transportinfrastruktur, og at alt fungerer som det skal.

Når skal di verksemd over?

Alle verksemdene som nyttar digital postkasse skal over på ny transportinfrastruktur i tur og orden. For dei som sender digital post til innbyggarar via fagsystem/sak- arkivsystem vert overgangen styrt i dialog med leverandørane. Dei som har halde seg oppdatert på prosjektsidene vil sjå at ein har utvida fristen for overgang til ny infrastruktur. Endeleg frist for overgang er sett til 31. mai.

På prosjektsidene vil de finna ei detaljert oversikt over kva dykkar verksemd må gjera i samband med overgangen. De vil også motta informasjon via e-post om når det er aktuelt for dykkar verksemd å kopla over.