Hopp til hovudinnhald

Me vil få ynskja alle våre kundar, leverandørar og andre samarbeidspartnarar ei riktig god jul og godt nytt år! I eit år som har vore spesielt på alle måtar, har viktigheita av fellesløysingane blitt endå meir forsterka.

Pexels.com

Spesielt år

Som for alle andre har det vore eit spesielt år. Me har i korona-perioden sett viktigheita av dei digitale fellesløysingar, og me har hatt rekordbruk for mange av våre løysingar i 2020. Mellom anna var det 28 millionar innloggingar i mars, der ein god del av trafikken var knytt til korona-relaterte tenester som helsenorge.no og nav, i tillegg til skattemeldinga.

Det har på mange måtar vore eit annleis år, og for første gang arrangerte me brukarrådet digitalt. Sjølv om me sjølvsagt helst skulle ønskt at me fekk møta alle fysisk, fekk me veldig gode tilbakemeldingar på det digitale brukarrådet, og over 1900 var innom i løpet av dei to dagane!

Frys

Frå den 18. desember og til over nyttår innfører me frys på våre fellesløysingar. Det betyr at det ikkje vil vera mogleg å opprette nye, eller gjøre endringer på eksisterende tenester. Sjølvbetjening av tenester fungerer som normalt.

Me har noko redusert bemanning og opningstid i perioden, men me er sjølvsagt tilgjengeleg i våre vanlige kanalar.

Med dette vil me takke dykk for samarbeidet i 2020, og håpar dykk alle får ei velfortjent og fredeleg julefeiring. No ser me fram mot eit spennande 2021!

Kontakt

Servicedesk