I november passerte me 3 millionar innbyggjarar med digitale postkassar. Det er ein stor milepæl for løysinga som gjer at ein stor del av innbyggjarane kan motta post digitalt, trygt og sikkert.
Dette gjer at ein stadig større del av breva dei 900 offentlege verksemdene som brukar løysinga, kan sendast digitalt på ein stad.
I årets første ti månadar har det vorte levert over 20 millionar brev, og over 120 millionar digitale brev har vorte levert i innbyggjar sine digitale postkassar i den 9 år lange levetida.
Ei lang reise med digital post
Løysinga gjekk i produksjon den 18. november 2014, og det var då som no to postkasseleverandørar (Digipost og e-Boks) innbyggjar kunne velje mellom.
Statens Innkrevingssentral først ut
Første verksemd som tok i bruk Digital postkasse var Statens Innkrevingssentral. Vidare kom NAV, Kreftregisteret og KS på. Dei neste åra kom verksemdene på fortløpande, og med over 900 offentlege verksemder på nærmar me oss full utbreiing - men det er framleis stort potensial for at fleire brev går digitalt - til enda fleire innbyggjarar.
Desember 2014 var første heile månad, og då vart det sendt 4 546 digitale brev. Til samanlikning vart det sendt over 58 500 brev per dag i forrige månad.
Sikkert og trygt
I ei tid med mange svindelforsøk er digital postkasse ein trygg og sikker kanal det offentlege og innbyggjarane kan stola på.
Tre millionar innbyggjarar som har valgt seg ein digital postkasse er ein stor milepæl som me er glade for å oppnådd. Nettsvindlarane vert stadig meir avanserte, så det er viktig at innbyggjarane kan nåast via ein sikker digital kanal - og det er like viktig om ein mottek få eller mange meldingar.
Betre infrastruktur og funksjonalitet
I fjor gjekk me over til ny transportinfrastruktur for digital postkasse, mellom anna for støtte fleire forsendingar og tilpassa oss for framtida.
For å støtta behova til dykk der ute har me og utvida funksjonaliteten med Bevis og lenke utanfor brev.
Løysinga er robust og sikker, og me er klar til å senda enda meir digitale forsendingar i åra som kjem.