Hopp til hovudinnhald
08. oktober 2021

Dei digitale fellesløysingane er meir i vinden enn nokon gong. Auka som har vore i antall tenester og tenesteeigarar har vore enorm dei siste åra. Vi på servicedesk sit klar for å ta imot spørsmål frå nye og gamle kundar og leverandørar. Men kven er vi?

Teamet vårt er samansett av merkantile og tekniske ressursar med ulik kompetanse og varierte bakgrunnar, som blant anna marknadsføring, reiseliv, sluttbrukarstøtte, matproduksjon og industri.

Vi har spissa kompetanse for kvar enkelt fellesløysing slik at uansett kva spørsmål som skulle dukke opp, så skal vi kunne hjelpe dykk. Vi strekk oss langt for at de skal få den hjelpa de treng.

For å halde oss oppdatert på kva som rører seg i fellesløysingane, har vi fagdagar eit par gangar i året. Her set vi av ein heil dag for å utveksle informasjon og kunnskap mellom oss. Vi har kvar våre "spissa" fagfelt, men alle skal ha ein viss basiskunnskap på alle fellesløysingane. Det er mykje å halde styr på.

På servicedesk gjer me kvarandre gode.

Per idag har vi 8 fellesløysingar, og fleire er på veg.

Fleire av fellesløysingane er blitt automatisert, slik at kundar og leverandørar kan setje dei opp utan å gå via Servicedesk. Men - desto fleire fellesløysingar, desto fleire spørsmål vert det til oss om oppsett og reglar. Og vi gjer sjølvsagt så godt vi kan med å hjelpe.

Servicedesk er ikkje berre servicedesk. Jobb-kvardagen vår er faktisk ganske variert, og forutan å svare på henvendelsar frå kundar og leverandørar, er vi mellom anna involvert i prosjekt og produktutvikling, drift av fellesløysingar, vaktordningar, beredskap, hendingshandtering, statistikkføring og redaksjonsarbeid.

Vi samhandlar mykje med andre avdelingar internt og verksemder eksternt for at fellesløysingane skal bli best mogleg for våre kundar. Vi tek imot innspel og utfordringar, og delar det vi har av kunnskap og erfaringar på Samarbeidsportalen og Digdir Docs.

Har du innspel til noko som manglar eller kunne vore betre i dokumentasjon og informasjon som vi legg ut på desse plattformane? Send oss ein epost på servicedesk@digdir.no

Rådgiver, Digitaliseringsdirektoratet

Ragnhild Helen Rørvik

Kommenter

Felt merka med ei raud stjerne (*) er obligatoriske.

Innhaldet i dette feltet er privat og kan ikkje lesast av andre.
Er du eit menneske?
5 + 14 =
Solve this simple math problem and enter the result. E.g. for 1+3, enter 4.