Denne veka går JavaZone, ein av verdas største Java-konferansar, av stabelen i Oslo. Vi i Digdir er representert og på scena står to av våre fremste ekspertar på digital lommebok.
Alle medlemsland i EU er pålagd å i løpet av 2026 kunne tilby innbyggjarar ei digital identitetslommebok. Lommeboka skal vere gratis å motta og gratis å bruke for innbyggjarane. Både offentleg og delar av privat sektor pliktar å ta den i bruk til pålogging og datadeling.
I dette foredraget fortel Jørgen Binningsbø (sjefsarkitekt og produkteigar, Digdir) og Aamund Bremer (Løysingsarkitekt, Digdir) om det nye regelverket og kva det inneber. Dei gjev og ein introduksjon til det felles europeiske økosystemet og demonstrerer lommeboka slik den føreligg no. Vidare gjev dei ein gjennomgang av den sentrale arkitekturen og protokollar og dataformat som vert nytta i denne.
Til slutt snakkar dei litt om Digitaliseringsdirektoratet sin nasjonale sandkasse for utprøving og eksperimentering med denne teknologien, og korleis du som offentleg eller privat verksemd kan delta inn i denne.
Sjå opptak av presentasjonen
Her kan du sjå presentasjonen i si heilheit. Vi gjer merksam på at presentasjonen ikkje er teksta.
