Hopp til hovedinnhold

Tilbakemeldingane frå deltakarane på Brukarrådet sist veke viser at arrangementet trefte godt både på fagleg innhald og teknisk gjennomføring.

Bileter frå Brukarrådet

Brukarrådet vart også i år gjennomført som eit heildigitalt arrangement. Konferansen vart sendt frå studio i Doga i Oslo 28. og 29. september.

Brukarrådet kan du sjå i opptak i to veker etter arrangementet. Etter den tid vil enkeltpostar frå programmet bli teksta og gjort tilgjengeleg her på Samarbeidsportalen.

Høg score på gjennomføring og innhald

Foreløpige tal frå evalueringa, som har gått ut til alle deltakarane, viser ein klar trend. På spørsmålet om arrangementet totalt sett var fagleg nyttig for eiga verksemd, gir dei fleste toppkarakter.

Tilbakemeldingane er oppløftande for oss som har jobba med denne produksjonen i lang tid. Vi ser at samtlige programpostar får flest femmarar på karakterskalaen, og det viser vel at vi leverer i tråd med dei faglege forventningane hos deltakarane.

Tilfredshet_Brukerrådet

Høge sjåartal

Nesten 1000 deltakarar hadde meldt seg på til dei to konferansedagane, og loggen viste at i gjennomsnitt 560 personar var pålogga til eikvar tid gjennom heile konferansen.

Gode sjåartal og høg score på tilbakemeldingane tyder på at Brukarrådet vart ein fulltreffar!

Sjå fleire bilete frå Brukarrådet