eFormidling og integrasjonspunktet er eit produkt i stadig utvikling. Dette gjer at det med jamne mellomrom kjem nye versjonar av integrasjonspunktet. Det er viktig at verksemdene som brukar eFormidling oppdaterer til nyaste versjon av integrasjonspunktet.
Nye versjonar inneheld ny funksjonalitet samt eventuelle feilrettingar. For at de skal få tilgang til ny funksjonalitet og få fullt utnytta løysinga,er det viktig at de oppdaterer til siste versjon. Mange verksemder er flinke til å halda seg oppdatert på nye versjonar, men me ser og at ein god del køyrer på eldre versjonar, og me anbefalar sterkt at desse oppdaterer til siste versjon.
Enkelt å halde seg oppdatert
På digdir docs lastar de enkelt ned siste versjon av integrasjonspunktet, samt at de kan sjå endringslogg over kva som er kome av ny funksjonalitet etc. I løpet av mai vil det koma ein ny versjon av integrasjonspunktet.
For å gjera det enda enklare for verksemdene, er løysinga for enkelte å ta i bruk KOSMOS. Den lastar automatisk ned nyaste versjon av integrasjonspunktet.