Hopp til hovudinnhald
24. oktober 2023
5 minutt å lese

For at me skal kunne levere gode digitale fellesløysingar lyt me halde oss oppdatert på ulike teknologiar og trendar innafor våre fagfelt. Dette fekk me gjort på Devoxx-konferansen i Belgia.

Devoxx er «ein konferanse av utviklere for utviklere», med hovedfokus på programmeringsspråket Java og økosystemet rundt. I år mottok konferansen over 900 forslag til presentasjonar og workshops, og vart solgt ut på under eitt minutt.

Kjende teknoloigselskap

Talarane som slapp gjennom nålauget representerer blant anna kjente teknologiselskap som Spotify, Microsoft, Red Hat, JetBrains, Google, VMware, Oracle, AWS og Eclipse Foundation.

Både sjefsarkitekten for Java og grunnleggaren av Spring-rammeverket deltok på konferansen. Innlegga fordeler seg på arkitektur, pipelines, data & ai, Java-økosystemet, folk & kultur, sikkerheit, server-side Java, UI & UX og nerde-innlegg «litt på sida av».

Mange av Digdirs fellesløysingar leveres med hjelp av Java. Derfor er det viktig for Digdir å følge med på kva som rører seg.


Stemningsbilde konferanse
Foto: Devoxx Belgium

Mange relevante tema

På strategisk nivå er det viktig for oss å hauste erfaringar frå andre og prøve å sjå inn i framtida: Kva trur me blir viktig dei neste 5 åra? Kva muligheiter opnar seg? Kva truslar dukker opp? Kva tenker dei fremste i industrien om kva retning AI tek framover? Kva erfaringar har dei gjort seg etter nokre år eventsourcing? Kva ambisjonar har Oracle for Java VM framvoer? Kva ambisjonar har VMware for Spring Framework?

På teknisk nivå er det er viktig for oss halde verktøyskassa oppdatert med nye/forbetra måter å tilby funksjonalitet og kvalitative eigenskaper på. Kva produkt, teknologiar og teknikkar bør me følge med på? Er det noko me bør me ta i bruk alt no? Kva bør me legge fra oss? Kva bør me forbetre?

Me tek med oss nokre heilt konkrete saker til vurdering og implementering:

For gjengen som reiste på konferanse handler det i tillegg om ei kjelde til kompetanse, inspirasjon og lagånd. Ei konferanse er eit rom i ein ellers travel kvardag og gir mykje input som det ellers er vanskelig å finne tid til. Innimellom lærer ein også noko ein ikkje visste at ein burde vite. Konferansar gir inspirasjon til retningar ein kan ta sin eigen praksis og kompetanse vidare.

Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet

Steinar Henriksen

Forfattar

Steinar Henriksen
Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet

Kommentarar (1)

D

Daniel Lerum

24. oktober 2023

Flott artikkel. Får fram mykje av essensen her.

Kommenter

Felt merka med ei raud stjerne (*) er obligatoriske.

Innhaldet i dette feltet er privat og kan ikkje lesast av andre.
Er du eit menneske?
5 + 10 =
Solve this simple math problem and enter the result. E.g. for 1+3, enter 4.