Hopp til hovudinnhald

Den regulatoriske sandkassen med Tolletaten og Arkivverket har hatt to gode fagdagar på Leikanger.

Oppretta: 24. juni 2022 Sist endra: 27. juni 2022
Den regulatoriske sandkassen med Tolletaten og Arkivverket samlet til fagdagar på Leikanger
Den regulatoriske sandkassen med Tolletaten og Arkivverket samlet til fagdagar på Leikanger

I prosjektperioden har vi hatt digitale og fysiske workshop og det var heilt naturleg å ha den siste fysiske samlinga på Leikanger med flott tur i Henjabakkane og middag på Henjatunet.

Fokusområde i prosjektet

I prosjektet har vi utforska grenseflatene mellom Felles datakatalog og eInnsyn og mogleg løysing for å gi innsyn i strukturerte datasett. Vi har sett på effektiv dataforvalting for god deling for ei meir brukarvennleg sluttbrukarteneste for offentlegheit.

Problemstillingane har vore:

  • Kor mykje av dagens journalførings- og Noarkregime kan vi ivareta utanfor saksarkivsystemet og kva gevinstar kan dette gi i forvaltning av informasjon?
  • Kva krav må ein ha til nye løysingar for å få til ivaretaking av arkivfaglege omsyn, dersom ein tek utgangspunkt i Felles datakatalog og DCAT-AP:NO?

Prosjektet er no inne i sluttfasen og det vil kome ein utfyllande sluttrapport til hausten.