Hopp til hovudinnhald
05. oktober 2023
10 minutt å lese

I første innlegg i serien "Bli kjent med oss" får du møte jurist Siv Kvåle Sanden. Her vil du få eit innblikk i jussens verden. Korleis er det å vera jurist i Digdir?

"Bli kjent med oss" er ei ny spalte her på Samarbeidsportalen. Her vil du få møta tilsette i Digitaliseringsdirektoratet som jobbar med fellesløysingane. Du vil få eit innblikk i korleis me samarbeidar internt og eksternt, og kva fagretningar og områder me jobbar innafor.

I avdelinga for fellesløysingar, seksjon for strategi og forretningsutvikling er vi to juristar (pluss avdelingsdirektøren som også er jurist). Vi arbeider saman med produktområdeleiarar, produktsjefar, produkteigarar, porteføljestyrar, utviklarar og økonomar. Sidan det er fleire fellesløysingar har vi fordelt ansvar for dei enkelte produkta mellom oss.

I tillegg til å vere juridisk vaktbikkje(meir eller mindre frivillig) for produkta våre, arbeidar vi også på tvers med oppgåver som gjeld til dømes utvikling, regelverksarbeid, avtaleforvaltning og personvern.

Å vere jurist i Digdir er både utfordrande og spennande. Saman med flinke og trivelege kollegaer får vi delta i det viktige samfunnsoppdraget til Digdir.

Siv Kvåle Sanden sit i ein stol
Siv Kvåle Sanden er jurist i Digdir, og trivast med at ingen dag er lik.

Tverrfagleg rolle

Som juristar i Digdir er vi heldige å få bryne oss på tverrfagleg arbeid saman med dyktige kollegaer i resten av Digdir. Det betyr at der vi ikkje strekk til sjølve, kan vi spele på andre sine ferdigheiter og kunnskap. Vi kan kontakte dyktige tekniske fagfolk når det er tekniske begrep og prosessar vi ikkje forstår, i til dømes avtalar og utviklingsarbeid. Vi har økonomar som er fint å ha tilgjengeleg når tala ikkje heilt går opp eller vi ønskjer å sjå gevinstar av arbeidet vi gjer. Og vi har dei som jobbar med sikkerheit og forvaltning. Vi samarbeider blant anna om utvikling av nye og eksisterande løysingar, utarbeiding av bruksvilkår og rettleiarar for produkta våre og utarbeiding av avtalar med leverandørar. Vi bistår og brukarstøtte når dei får spørsmål av juridisk karakter.

Vi har fleire juristar i Digdir som vi kan rådføre oss med, sjølv om dei fleste arbeidar innanfor andre områder enn det vi gjer. Juristane i Digdir har oppretta eit eige Juristforum. Ein gong i månaden møtast vi på Teams og diskuterer aktuelle saker og problemstillingar. Det kan vere ei ny lov eller forskrift, høyringsuttalar eller eit EU-direktiv som er greitt å diskutere på tvers av avdelingane. Slik får vi fram ulike synspunkt og utfordringar som er viktig for kvart arbeidsområde.

Samarbeid med heile offentleg sektor

Stort sett er det dei som er ansvarleg for produkta som har kontakt mot offentleg sektor og forvaltning har kontakten mot våre kundar. Vi juristar blir henta inn når det er behov for juridiske vurderingar som blir påkravd av både offentleg sektor og kundane. Vi jobbar i kulissane og hjelper til med å utforme svar. Vi knyt likevel kontakt med andre juristar hjå både offentleg sektor og kundane, slik at vi kan diskutere aktuelle juridiske spørsmål som gjeld både Digdir, offentleg sektor og utviklinga i samfunnet generelt.

Eit interessant samarbeid som eg har fått vore med på er Den regulatoriske sandkassen der Arkivverket var prosjekteigar og eInnsyn.no var med som støtte. Regulatoriske sandkasser var først og fremst eit verkemiddel for å fremje ansvarleg innovasjon. Sandkassen gav utvalde verksemder moglegheit til å teste ut nye løysingar, teknologi eller tenester i eit avgrensa omfang, og i ein avgrensa tidsperiode under tett oppfølging av regulerande myndigheit. Her fekk vi møte ulike offentlege verksemder som hadde spennande framtidsretta løysingar og vi fekk moglegheit til å utforske og lære om korleis arkivfaglege omsyn og offentlegheit kunne ivaretakast på fleire ulike områder, blant anna automatisert saksbehandling og saksbehandling og kunstig intelligens. Sandkassen er for tida lagt på hylla grunna manglande finansiering, men vi håpar at vi snart kan få prosjektet opp å gå att.

Høgt tempo - Ingen dag er lik

I vår seksjon er det fullt køyr stort sett kvar dag og ingen dag er lik. Det er nye juridiske spørsmål som dukkar opp heile tida, både frå kollegaer og frå eksterne. Ikkje sjeldan er det spørsmål som ikkje har vore drøfta nasjonalt og vi må famle i lovtomt område. Når vi samarbeider om utvikling av produkt er det blant anna vår jobb å finne ut om det er lovleg det vi har lyst å få til og sjå om det eksisterer heimlar som regulerer tilfelle. Viss der ikkje er heimlar må vi finne ut korleis vi skal få det til å bli lovleg. Vi følgjer også med på kva departementa styrer med, i tilfelle det vil ha innverknad på våre produkt og vårt arbeid i Direktoratet. Her kan det hende vi må kome med høyringssvar eller finne ut korleis vi må innrette oss.

Det er også ein del arbeid med kontraktar. Produkta våre har bruksvilkår, avtalen vi har med kundane våre om bruk av våre produkt. Desse må lagast og haldast oppdaterte. Når avtalane med våre leverandørar går ut, må vi utforme ny avtalar og vere med på å skrive anskaffingsdokumenta når vi skal ha nye leverandøravtalar.

Ein viktig del av arbeidsoppgåvene våre er å ivareta personvernet til brukarane og kundane våre. Vi må følgje opp databehandlaravtalar og halde behandlingsprotokollen oppdatert. Vi må sørgje for at behandlinga av personopplysningar er i tråd med GDPR på alle områder vi jobbar med, spesielt viktig er dette for tillitstenestene våre. EDPB (European Data Protection Board) kjem stadig med nye retningslinjer. Vi har også fylgt utviklinga av Schrems 2-dommen nøye. EU-kommisjonen og USA har vore i forhandlingar og resultatet er at USA no har gjort endringar i sitt regelverk gjennom rammeverket «EU-US Data Privacy Framework» og EU-kommisjonen har godkjent at USA har tilstrekkeleg beskyttelsesnivå. Det er eit steg i rett retning for sky-leverandørane og overføringar til USA, men siste ord er nok ikkje sagt i denne saka. Det er fleire aktørar som står klare for å ta dette til retten att.

Dette er berre ei knippe av døme på oppgåvene som kjem til juristane i avdeling for Fellesløysingar. Verda er i stadig i endring, og kanskje spesielt den digitale verda. Som jurist i Digitaliseringsdirektoratet er det ei spennande verd å ta del i og få vere med å påverke og utvikle. Ein ting er sikkert – det blir ikkje kjedeleg med det første.

Profilbilde
Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet

Siv Kvåle Sanden

Kommenter

Felt merka med ei raud stjerne (*) er obligatoriske.

Innhaldet i dette feltet er privat og kan ikkje lesast av andre.
Er du eit menneske?
2 + 0 =
Solve this simple math problem and enter the result. E.g. for 1+3, enter 4.