Hopp til hovedinnhold
08. februar 2022

DevOps er eit omgrep dei fleste nok etter kvart har høyrt om, og kanskje er di verksemd igang med å jobbe mot meir devops-tankegang. Me ønskjer å dela litt korleis me jobbar med og mot DevOps, og kva fordelar og utfordringar me ser.

Konseptet DevOps vart første gang lansert i 2009 for å beskrive metodar for å få fart på smidige prosessar. Konseptet bygger vidare på Lean og Smidige (Agile) prinsipp. Lean fokuserer på raskare og betre kvalitet på det ein leverer. Dette er viktig i både Smidig og DevOps, men DevOps har og eit breiare bilete som inkluderer drift.

Illustrasjon av DevOps

DevOps i Digdir

I Digdir vart DevOps sett på dagsorden for eit par år sidan, og no er innføringa teke eit steg lenger, blant anna gjennom formalisering i avtalar og fokus på kompetanseheving internt i verksemda.

DevOps vart løfta opp som ein tanke frå utviklarar og tanken og ideen har vorte gradvis løfta. Fellesløysinga eFormidling har vore som ein pilot der ein har jobba etter kanban-metodikk og agil metode sidan 2016, der ein skal kunne gjere endringar fort, med automatisert testing og rask flytting til produksjon. Dette er sentrale element som DevOps bygger på. Mykje av dette har ein og vidareført for løysinga sjøl om det i 2020 vart ekstern driftsleverandør på eFormidling.

Ny avtale og intern kompetanseheving

Digitaliseringsdirektoratet har nyleg inngått avtale om ny systemarkitektur for ID-Porten. Her har ein tilpassa avtale- og rammeverket for å kunne innrette oss til å meir til rette for DevOps som metodikk, sjølv om og eksisterande avtalar har gitt rom for bruk av DevOps.

Dei siste månadane har me hatt fokus på å heve kunnskaps- og kompetansenivået i organisasjonen. Her har det også vore viktig å få leiarforankring, så difor har leiargruppa i avdeling for fellesløysingar, i tillegg til utviklarar, kravstillarar, teknisk og merkantil forvaltning gjennomført kurs i DevOps. I mars månad gjennomfører og Digdir sine eigne DevOpsDagar, tre dagar fullspekka med smidige prosessar og "The three ways".

Kultur for DevOps

Kulturen er viktig i DevOps, der sentrale stikkord er kontinuerleg fokus på læring og eksperimentering, og våge å feile og lære av sine feil. I Digdir har ein allereie ein framoverretta og "DevOps-vennleg" kultur, så det vert ikkje behov for ei stor kulturendring.

Me ser ikkje på det som ein revolusjon - men ein evolusjon

Berre solskin og ingen bakdelar?

Me ser at DevOps gir mange fordelar, blant anna i form av meir effektive leveransar, auka kompetanse og meir eigaskap til løysingane, men er det ingen bakdelar eller utfordringar?

Det er klart det er ein viss skepsis i organisasjonen. Kor autonome tør ein å late team vera? Og kor autonome ønsker dei å vera? Det er viktig med ein god og open diskusjon rundt dette, for å unngå ei form for ansvarspulverisering, som konseptuelt kan vera ein fare. Men samstundes ønskjer organisasjonen at dette skal fungere og verte bra, og det er eit godt utgangspunkt!

Dersom din verksemd er interessert i å høyra meir er du velkommen til å ta kontakt.

Jørn Stenehjem
Seksjonssjef, Digitaliseringsdirektoratet

Jørn Stenehjem

Seksjonssjef for seksjon for utvikling.

Jørn Are Flaten. Utviklingsleiar eFormidling.
Rådgiver, Digitaliseringsdirektoratet

Jørn-Are Flaten

Utviklingsleiar for eFormidling.

Erlend Husabø. Service manager eFormidling
Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet

Erlend Husabø

Service manager for eFormidling

Forfattere

Jørn Stenehjem
Jørn Stenehjem
Seksjonssjef, Digitaliseringsdirektoratet
Jørn Are Flaten. Utviklingsleiar eFormidling.
Jørn-Are Flaten
Rådgiver, Digitaliseringsdirektoratet
Erlend Husabø. Service manager eFormidling
Erlend Husabø
Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet

Kommentarer (2)

Kommenter

Felt merket med en rød stjerne (*) er obligatoriske.

Innholdet i dette feltet blir holdt privat og vil ikke bli vist offentlig.
Er du et menneske?
5 + 15 =
Løs dette enkle mattespørsmålet og skriv inn svaret. For eksempel: For 1+3, skriv inn 4.