Hopp til hovudinnhald

Årsplanen for ID-porten gir ei oversikt over tenester hjå kundane som er rekna som høgvolum eller kritiske. No er den oppdatert med datoar for 2022.

06. januar 2022

Her finn du årsplanen for ID-porten

Covid-19

Koronapandemien har medført auka bruk av fellesløysingane, også ID-porten. Det er venta at den auka bruken vil halde fram i 2022 og me kan ikkje sjå vekk i frå at det kan dukke opp nye tenester på kort varsel som følgje av pandemien.

Viktige periodar i løpet av året

Dersom fleire tenester genererar meir trafikk enn kva som er normalt hjå kunden, kan dette ha innverknad på løysinga. Med høgvolum meinast at ein ventar at eit høgre tal innbyggjarar enn normalt loggar seg inn til ei enkelt teneste. Med kritiske tenester meinast tenester som til dømes har ein viktig tidsfrist, eller som er særleg viktig at er stabil for bruk i ein periode. I samsvar med bruksvilkåra for Digdirs fellesløysingar jobbar Digdir for å ha oversikt over desse periodane, for å kunne levere ei stabil og robust innloggingsløysing for kundane våre og innbyggjarane.

Digdir vil, så langt det let seg gjere, unngå å gjere endringar i løysinga i samband med høgvolum eller kritiske periodar hjå våre kundar. De kan melde i frå om tenester som de reknar som kritiske eller som er venta å gi auka trafikk til servicedesk@digdir.no.