Hopp til hovudinnhald

Årsplanen for ID-porten gir ei oversikt over tenester hjå kundane som er rekna som høgvolum eller kritiske. No er den oppdatert med datoar for 2021.

12. januar 2021
Bilde av tala 2021 som symboliserer overgangen frå 2020-2021

2021 og Covid-19

Koronapandemien har medført auka bruk av fellesløysingane, også ID-porten. Det er venta at den auka bruken vil halde fram dei neste månadane og me kan ikkje sjå vekk i frå at det kan dukke opp nye tenester på kort varsel som følgje av pandemien.

Viktige periodar i løpet av året

Dersom fleire tenester genererar meir trafikk enn kva som er normalt hjå kunden, kan dette ha innverknad på løysinga. Med høgvolum meinast at ein ventar at eit høgre tal innbyggjarar enn normalt loggar seg inn til ei enkelt teneste. Med kritiske tenester meinast tenester som til dømes har ein viktig tidsfrist, eller som er særleg viktig at er stabil for bruk i ein periode. I samsvar med bruksvilkåra for Digdirs fellesløysingar jobbar Digdir for å ha oversikt over desse periodane, for å kunne levere ei stabil og robust innloggingsløysing for kundane våre og innbyggjarane.

Digdir vil, så langt det let seg gjere, unngå å gjere endringar i løysinga i samband med høgvolum eller kritiske periodar hjå våre kundar. De kan melde i frå om tenester som de reknar som kritiske eller som er venta å gi auka trafikk til servicedesk@digdir.no.

Kø-løysinga - eit viktig verktøy

For å sikre stabilitet i løysinga vart det i 2020 skaffa ei kø-løysing som skal implementerast hjå kundane med størst bruk. På den måten kan me effektivt og enkelt styre trafikkflyten og sikre at alle får tilgang til tenestene dei skal logge inn til. Dette vil me arbeide med å få på plass i løpet av våren 2021.