Hopp til hovudinnhald

Etter 20 år er med drift på bokmål og engelsk er BankID endeleg tilgjengeleg på nynorsk. Det kunne jo ikkje passa betre enn at dette kom på plass i #nynorsknovember.

28. november 2023

BankID er tilgjengeleg på nynorsk etter ein god laginnsats frå BankID-teamet. Ida Håvik, leiar for Marked og Kommunikasjon i BankID BankAxept, er svært nøgd:

– Det var ei glede at BankID endeleg kom på nynorsk. Eg håpar alle er nøgde med omsetjinga og kjenner at innlogginga no vert nærare og meir hyggeleg for alle oss som elskar denne målforma vi er fødde inn i, seier ho.

Språkrådet jublar over nyheita og vi i Digitaliseringsdirektoratet heng oss på.

Endeleg er BankID på nynorsk!
BankID BankAxept

Vi i Digitaliseringsdirektoratet er glade for at BankID no oppfyller intensjonen i Språklova om at bokmål og nynorsk skal vere likeverdige og jamnstilte skriftspråk som skal kunne brukast i alle delar av samfunnet. Det er viktig at brukarane no kan velje det skriftspråket dei ønskjer i ei så viktig teneste som BankID,

Klarare språk

Omsetjinga til nynorsk er berre ein av forbetringane innan brukaroppleving og språk som er gjort i BankID. Feilmeldingane i BankID er og forbetra.

For å feire at BankID er tilgjengeleg på nynorsk, vil heile Noreg få kodeorda på nynorsk i BankID-appen ei periode framover.