Hopp til hovedinnhold
25. oktober 2023
10 minutter å lese

I dagens "Bli kjent med oss"-blogg får du møta Eldar Venes, teamleiar for MinID-teamet. Her får du høyra om den spanande kvardagen som utviklar i Digdir.

ID-porten er ein sentral fellesløysing i digitaliseringa av offentlege digitale tenester, og så langt i år har det vore nesten 240 millionar innloggingar til ulike tenester med ID-porten.

Me, som utviklarar på MinID-produktet, er ein del av MinID-teamet som ligg under seksjon for systemutvikling som er del av avdelingen for fellesløsninger. I vår seksjon er me eit sterkt fagmiljø med rundt 25 utviklarar som jobbar med ulike produkt og teknologiar. MinID-teamet har ansvaret for å utvikle og halde ved like MinID-produktet, som utgjer ein viktig del av dei fellesløysingane som vår avdeling leverer.

Med mange år som utviklar og no som teamleiar, vil eg gje deg eit innblikk i korleis vår kvardag ser ut for dei som jobbar med programvareutvikling i MinID-teamet.

Varierte oppgåver

Som utviklarar på MinID har me eit breitt spekter av oppgåver som strekkjer seg utover den tradisjonelle kodeproduksjonen. Me jobbar sjølvsagt mykje med kodeskriving, men rolla som utviklar omfattar også mykje andre oppgåver. Det vert brukt mykje tid på sikkerheitsvurderingar for å beskytte data og brukarar og å sikre oss at me har så sikker løysing som mogleg. I samarbeid med kravstiller jobbar me fram nye funksjonelle endringar som er til det beste for sluttbrukarar samtidig som at endringane skal passe inn i vår arkitektur. Me tek omsyn til tilbakemeldingar frå brukarstøtte som hjelper oss med å forstå kva som kan gjerast betre med MinID. Til dømes, kvifor har brukarane problem med å logge inn? Kvifor klarar dei ikkje å opprette seg som nye brukarar?

I tillegg har teamet ansvar for aktiv kodeforvaltning og vedlikehald av ein programvarearkitektur som vil stå seg over tid. Det inneber å halde koden oppdatert med omsyn til sikkerheitsoppdateringar i tredjeparts programvare og å tenke framover for å være tilpassa kommande endringar i produktet.

Å vere utviklar krev ei brei kompetanse og ei evne til å handtere ulike aspektar av programvareutvikling. Dette er krevande, men dette mangfaldet i arbeidet vårt gjer det og svært interessant, samtidig som det gir eit stort eigarskap og kunnskap til produktet.

Utviklarane er med frå oppgåva eller behovet kjem inn frå strategi eller sluttbrukar til endringen vert verifisert i produksjon. Me har og fokus på å arbeide stadig smartere og meir effektivt. Måten me jobbar og samhandlar med andre på er stadig i endring og dette er ein naturlig del av å jobbe med moderne programvareutvikling.

Ein del av verdikjeda

I MinID-teamet er me direkte med på å realisere måla i "Nasjonal strategi for eID i offentleg sektor." Dette er kult.

Måla i strategien vert omsett til konkrete endringar og nye eigenskapar for MinID-produktet. MinID er i selskap med fleire andre eIDar og i lag med ID-porten og tjenesteleverandørane utgjer me ei lang verdikjede. Som sluttbrukar ynskjer du kanskje berre å søkje vidaregåande skule eller å lese eit vedtak som ligg i din digitale postkasse. Men for å få gjort dette er du avhengig av at alle delane i kjeda fungerer som dei skal, og her er MinID ein viktig del. Noko av styrken til MinID er at den er rask, tilgjengeleg for alle over 13 år og er gratis.

Agilt

MinID køyrer i dag på ei svært moderne plattform som set lite avgrensingar for oss utviklarar. Det er inspirerande å arbeide med eit produkt der me innanfor ein kort tidsramme, ofte innanfor ein dag, kan gjere endringar som har umiddelbar betydning for sluttbrukaren. Dette gjev oss ein kjensle av å vere både smidige og effektive når me leverer ei stadig betre oppleving for sluttbrukarane våre.

Kvalitetssikring er ein annan viktig del av arbeidet der me testar grundig for å sikre at alt fungerer som forventa. Som team gjennomfører me omfattande testing for å oppdage og å løysa eventuelle feil. Utviklarane har ansvaret for at det finst automatiserte testar som vert utførte for kvar endring me leverer. Dette støttar opp om at me hyppig og med høg kvalitet kan levere nye endringar. Ved sjølve produksjonssetjinga der me rullar ut våre oppdateringar og forbetringar til sluttbrukarane, er me ekstra på vakt. Dette er eit kritisk tidspunkt, og me må sikre oss at alt går jamnt og utan problem.

Etter produksjonssetjinga følgjer utviklar nøye opp endringane me har gjort og handterer eventuelle utfordringar som måtte oppstå. Har me store endringar som skal leverast, vert dette ofte gjort iterativt, det vil seie at me leverer mindre bitar kode i fleire omgangar slik at me tek ned risiko for å innføre feil eller få uønska oppførsel frå systemet.

Me har ein plan..

Me har ein definert roadmap for MinID som strategisk skisserer kva me ynskjer at MinID skal utvikle seg til på sikt. Dette gir oss ein klar retning og visjon for produktet vårt. Likevel ynskjer eg å trekke fram at i kvardagen må me ofte tilpasse oss ting som oppstår. Me opplever innimellom hasteoppdrag som krev rask respons, og dette gjer at me må omprioritere og “hive oss rundt” å løyse noko fort. Å kunne handtere desse utfordringane er ein del av kvardagen, og me er opptatt av å oppretthalde kvaliteten sjølv under høgt press. Eit godt døme er då vi for ei tid sidan utvikla ein løysing for oppretting av MinID til ukrainske flyktningar som var komme inn til Norge. Å vise at me kan lukkast med ei så meiningsfull oppgåve med så kort tidfrist, er noko av det som for meg gir størst glede og motivasjon ved å jobbe i direktoratet og i MinID-teamet.

Fornying er naudsynt

I vår bransje, der teknologiutviklinga skjer stadig raskare, er ikkje fornying lenger eit val, det er eit krav for å halde tritt. Som utviklarar i MinID-teamet må me tilpasse oss og halde følgje med dei nyaste teknologiske framsteg. Innafor visse rammer har me valfridom til å utforske dei verktøya og teknologiane som best vil løysa våre utfordringar. Som utviklarar må me setje av tid til å halde oss oppdaterte. Dette gjer me ved å delta på konferansar for å få innblikk og påfyll, og ved t.d. å prototype eit nytt konsept me har lyst til å sjå nærare på.

Me fungerer ikkje berre som deltakarar i ein fornyingsprosess, me er og pådrivarar for å fornye våre applikasjonar. At me har dette handlingsrommet for fornying er avgjerande for å halde løysingane våre gode og trygge. Det er og med på å sikre oss at utviklarane får heva kompetansen og har interessante oppgåver å jobbe med.

Dette var eit innblikk i ein utviklar si verd i MinID og med ein del av arbeidsoppgåvene me møter i kvardagen. Me er tilfreds med å ha mange gode kollegaer å samarbeide med og mange ulike fagområde å fordjupe oss i.

Til slutt, me er framoverlente og klare til å fortsette å gjere offentlege tenester betre for sluttbrukarane våre.

"Bli kjent med oss" er ei ny spalte her på Samarbeidsportalen. Her vil du få møta tilsette i Digitaliseringsdirektoratet som jobbar med fellesløysingane. Du vil få eit innblikk i korleis me samarbeidar internt og eksternt, og kva fagretningar og områder me jobbar innafor.

Eldar står føre Sognefjorden
Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet

Eldar Venes

Eldar er teamleiar for MinID-teamet i seksjon for systemutvikling i Digitaliseringsdirektoratet. Han har lang og brei erfaring som utviklar.

Forfatter

Eldar står føre Sognefjorden
Eldar Venes
Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet

Skriv ny kommentar

Felt merket med en rød stjerne (*) er obligatoriske.

Innholdet i dette feltet blir holdt privat og vil ikke bli vist offentlig.
Er du et menneske?
13 + 3 =
Løs dette enkle mattespørsmålet og skriv inn svaret. For eksempel: For 1+3, skriv inn 4.