Hopp til hovudinnhald

Midlertidig nedetid onsdag 7. januar

På grunn av planlagt vedlikehold vil nettsiden være utilgjengelig onsdag 7. januar. Nettsiden vil være tilgjengelig igjen når arbeidet er fullført. Takk for tålmodigheten.

I byrjinga av mars mottok alle verksemder og leverandørar som har tenester i ID-porten eit brev frå Digdir. Brevet inneheld viktig informasjon om overgang til nye ID-porten og tidspunkt for flytting.

Laga: 23. mars 2023

Start planlegginga allereie no

Det er viktig at alle som har tenester i ID-porten set seg inn i kva flyttinga inneber, byrjar å planlegge allereie no og forsikrar seg om at tidspunktet vi har foreslått for flytting av OIDC-tenester passar.

Kva om tidspunkt for flytting ikkje passar?

Om tidspunktet ikkje passar ber vi dykk sende ein e-post til servicedesk@digdir.no med forslag om nytt tidspunkt i 2023.

De treng ikkje kontakte leverandørar

Om de har fagsystem, portal, skjematenester og liknande levert frå ein leverandør, så vil leverandøren kontakte dykk med informasjon om flytting. Digdir er i dialog med alle leverandørar. Du treng derfor ikkje kontakte leverandøren din no.

Les meir om nye ID-porten og prosjektet for ny systemarkitektur