Hopp til hovudinnhald

Årets skattemeldingsperiode er over, utan vesentlege tekniske problem. Sidan 16. mars er 5,1 millionar meldingar publisert, og 1,5 millionar skattytarar (46 prosent) har aktivt levert skattemeldinga. Fristen er 30. april.

06. april 2022

I perioden 16. mars til 4. april er skattemeldinga gjort tilgjengeleg på skatteetaten.no. Som i fjor skjedde dette puljevis, og den enkelte har fått beskjed når skattemeldinga var klar. Dette omfattar dei aller fleste lønsmottakarar og pensjonistar.

Dame med pc
Pexels

Skattemeldingsperioden har gått strålande. Det har vore stabil høg trafikk, noko løysingane har teke fint. Me har overvaka og vore på vakt for uregelmessigheitar og feil. Med den trafikkmengda som er, er rask respons viktig.

Status for skattemeldingsperioden

Det var høg trafikk i perioden og vi hadde nesten 20 millionar innloggingar i ID-porten, 8,2 millionar av desse var til skattemeldinga.

Publiseringsperioden i tal (pr. 5. april):

  • 5,1 millionar skattemeldingar er publisert

  • 4,2 varsel er sendt ut til e-post/sms

  • 1,5 millionar (46%) skattytarar har sendt inn skattemeldinga

  • 22. mars var trafikktopp med over 1,7 millionar innloggingar

  • Halvparten (49,9%) av innloggingane er gjort med BankID på mobil. BankID 30,1%, MinID 6,9%, via andre tenester i ID-porten (fødererte) 12%.

Det er tett koordinering mellom Skatteetaten og Digdir i heile skattemeldingsperioden. Det har ikkje vore vesentlege hendingar i år, verken knytt til innlogging eller sjølve skattemeldinga.