Hopp til hovudinnhald

Kontaktregisteret vert stadig brukt for å gi innbyggjarane nyttig informasjon. Blant dei som har gjort gode erfaringar i samband med varsling er FHI, og her delar dei sine erfaringar knytt til varsling i samband med smittestoppappen.

28. mars 2021

I desember vart smittestoppappen lansert som eit supplement i arbeidet med smittesporing. I samband med smitteutviklinga har FHI varsla innbyggjarar med oppmoding om å ta i bruk appen, noko som gav god effekt. Mellom 5-9 prosent av mottakarane har lasta ned appen etter utsending.

Nøkkeltal frå FHI syner at det er gjort 976 000 nedlastningar av Smittestopp!

Varsling med omhu

Oppdraget om å prøve SMS-utsending for å få ut informasjon om appen kom frå Helse- og omsorgsdepartementet. SMS-varsel er sendt til alle innbyggjarar over 16 år som ikkje har reservert seg i kontakt- og reservasjonsregisteret. Innbyggjarar i aldersspennet 16-19 år har fått SMS ein gong ekstra, men FHI vil vere varsame med å varsle mange gonger.

FHI fortel at dei gjorde grundige vurderingar av sjølve SMS'en og korleis utsendinga ville bli oppfatta hjå innbyggjarane.

Det kan fort bli oppfatta som mas når folk får SMS frå nokre dei ikkje kjenner til på mobilen sin.

Tydeleg bodskap

Første SMS som FHI sendte starta med eit spørsmål «Har du lasta ned Smittestopp?». I sosiale medier fekk dei tilbakemeldingar om at folk ikkje ville ha spørsmål når dei ikkje kunne svare. Derfor gjekk dei vekk frå det i dei neste SMS-ane.

-Vi har lagt vekt på å vere så konkret som mogeleg – altså ved å få fram informasjon om appen, kva den gjer og kor du kan laste den ned. 160 teikn set nokre avgrensingar på kor kreativ ein tekstforfattar kan vere, fortel Veire.

SMS fra FHI med teksten "Last ned SMittestopp og få beskjed om du har vært i nærheten av en som er smittet. Appen er frivilling, Les mer på helsenorge.no/smittestopp"

Engasjement rundt varslingane

Etter å ha sendt ut fleire millionar SMS-ar har FHI fått tilbakemeldingar der folk spør om korleis dei har fått tak i telefonnummeret deira, og folk som er irriterte fordi akkurat deira mobil ikkje kan laste ned appen. No er appen også tilgjengeleg for eldre utgåver av iPhone. I tillegg har dei fått tilbakemelding frå folk som ikkje vil ha slike SMS-ar, noko FHI har stor respekt for, og fortel at derfor bør ikkje SMS brukast i utrengsmål.

SMS mest effektivt

FHI testa utsendinga ut først i eit fylke, Trøndelag, for å sjå korleis effekten var. Dei sjekka dette så opp mot digital annonsering på sosiale medium og bannerannonsar på nettaviser for appen i eitt samanliknbart fylke, og det viste seg i dette tilfellet at SMS var det mest effektive alternativet for å få innbyggjarane til å laste ned smittestoppappen.

Godt samarbeid med Digdir

Digdir har tidlegare anbefala kundar å kontakte oss før utsending av SMS. FHI og Digdir har hatt eit godt samarbeid om å hente ut telefonnummer og leggje til rette for utsendingar.

Kvaliteten på registeret viser seg å vere prima vare.