Hopp til hovudinnhald

Retningslinjene for kontaktregisteret beskriv kva registeret skal og kan brukast til. Planlegg de å sende varsel til innbyggjar kan retningslinjene vere ein god plass å starte.

02. februar 2021

Bruken av kontaktregisteret har auka markant det siste året og innbyggjarane mottek nyttig informasjon frå forvaltninga på SMS eller e-post. Enkelt og lett tilgjengeleg.

Eit styrande prinsipp for bruk av kontaktregisteret er at verksemda tek brukaren sitt perspektiv når de vurderer korleis de skal bruke registeret. Retningslinjene er ei samling av vurderingskriteria som skal gjere det enklare for dykk å vurdere korleis varsling bør gjennomførast.

Ikkje tatt i bruk kontaktregisteret endå?

Kontaktregisteret inneheld digital kontaktinformasjon til 4,6 millionar innbyggjarar. Ved å bruke kontaktregisteret har både de og innbyggjarane berre eit digitalt kontaktregister å forholde dykk til, noko som bidreg til å sikre høg kvalitet i opplysningane.

Digdir planlegg eit webinar som skal gi gode råd til våre kundar som brukar kontaktregisteret. Det vil komme informasjon om webinaret på samarbeidsportalen og i Facebook-sida vår.