Hopp til hovudinnhald

Kostnadsmodell for Maskinporten

Prismodellen for Maskinporten baserar seg på brukarfinansiering med ein årleg grunnpris (50 000 kr) + pris pr. API-konsument. Det vert gitt volumrabatt for API-konsumentar, og det er sett eit pristak på 799 500 kr pr. år. Alle prisar er eksl. mva.

Gratis testing

Det er gratis, og utan vidare forplikting, å teste maskinporten i testmiljøa. Vil de teste maskinporten som API-tilbydar, send inn dette skjemaet.

Fakturering

API-tilbydar vert fakturert forskotvis éin gong i året. Fakturaen vert sendt til fakturaadressa, og merka med fakturareferansen som de har oppgitt.

De dekkjer sjølv eigne kostnadar for etablering og vedlikehald.

Fakturagrunnlag

API-tilbydar melder inn venta tal API-konsumentar i det komande året, som kan justerast påfølgjande år. Vi har tillit til dykkar estimat for API-konsumentar. API-tilbydar betalar ein årleg fastpris på 50 000 kr. Totalprisen er avhengig av kor mange konsumentar API-tilbydar har.

Illustrere prismodell for maskinporten med årlig fastpris + pris for API-konsumenter = fakturagrunnlag

API-tilbydar anslår å ha 18 konsumentar i komande år. De betalar:

  • 50 000 kr i årleg grunnpris
  • 5 000 kr pr. konsument for dei første fem konsumentane (1-5)
  • 3 000 kr pr. konsument for dei neste fem (6-10)
  • 1 500 kr pr. konsument for dei neste fem (11-15)
  • 1 000 kr pr. konsument for dei siste tre konsumentane (16 eller fleire konsumentar)

Reknestykket vert slik:​​​​​​

5 x 5 000 = 25 000kr +
5 x 3 000 = 15 000kr +
5 x 1 500 = 7 500kr +
3 x 1 000 = 3 000 kr +
50 000 = 100 500 kr

Slik tel du tal konsumentar

Tal konsumentar = tal tilgangar gitt pr. scope.

Eksempel:
De har gitt Verksemd1 tilgang til tre ulike scopes. Dette tel som tre tilgangar.