Hopp til hovudinnhald

Me førebur no innføring av ny styringsmodell for fellesløysingane i andre halvår 2021.

Helge Bang, i avdeling for digital strategi og samordning, var før sommarferien i styringsrådet og presenterte arbeidet som er gjort i samband med styring og finansiering av fellesløysingane.

For å sikre helhetlig styring og videreutvikling av Digdirs fellesløsninger så etablerer vi nå ett styringsråd som erstatning for dagens tre styringsråd. Under styringsrådet vil vi etablere flere produktråd, for produkter som dekker lignende behov for kundene, slik at disse i større grad enn i dag kan ses i sammenheng.

Utgreiinga frå november 2020 anbefaler eitt styringsråd med underliggande produktråd, med unntak for eInnsyn. For eInnsyn har Digdir foreslått å vidareføre dagens styringsråd, blant anna fordi eInnsyn vert forvalta i samarbeid med Oslo kommune.

Nytt styringsråd frå fjerde kvartal

Det er laga eit utkast til mandat for eitt styringsråd. Det er og utarbeidd utkast til eit dokument som beskriv ansvarsfordelinga mellom Skate og styringsrådet. Rolleavklaring mellom Digdir som forvaltar og premissgjevar er ein del av dette dokumentet. Desse utkasta er no til høyring i Skate-verksemdene og i dagens styringsråd.

Endeleg mandat for styringsrådet vil bli lagt fram for dagens styringsråd og Skate sitt arbeidsutval i slutten av september, med mål om oppstart av eitt felles styringsråd frå fjerde kvartal 2021.