Det er duka for val og fleire fellesløysingar spelar ei viktig rolle. Hjelp oss å sikre stabile tenester for innbyggjarane.
Sentrale fellesløysingar
I år vart valkortet sendt til innbyggjar si digitale postkasse. Du treng ikkje valkortet for å stemme, men det kan spare tid i vallokalet. Me oppmodar deg til å ta eit skjermbilde av strekkoden når du opnar valkortet, så har du det enkelt tilgjengeleg når du skal stemme.
ID-porten vert brukt som autentiseringsløysing for innrapportering av stemmer. Valmedarbeidarane kan logge inn med eID på nivå4. Digdir har utvida teknisk beredskap i perioden 6.-15. september.
Bidra til føreseielegheit og stabile tenester
Digdir ber våre kundar om å ta kontakt med oss dersom de skal sende varsel til innbyggjar, eller ventar auka trafikk i eigne tenester i perioden 9.- 13. september. Dette er eit viktig bidrag for å sikre stabilitet i ID-porten og offentlege digitale tenester.