Hopp til hovudinnhald

For å sikre at dei digitale fellesløysingane vert utvikla og forvalta i samsvar med offentleg sektor sine behov, benyttar me styringsrådet til samarbeid og dialog med sentrale kundar.

Kva gjer styringsrådet?

Styringsrådet er eit rådgivande organ for direktoratet og skal behandle viktige saker som omhandlar fellesløysingane. Anbefalingane frå styringsrådet er viktige for oss i beslutningar og råd til politiske myndigheiter knytta til utviklinga og forvaltninga av løysningane.

Medlemmane i styringsrådet skal bidra til ei forankring av anbefalingane og beslutningane i eiga verksemd og hjå samarbeidspartar, samt bidra til at løysningane vert tatt aktivt i bruk.

Møte i styringsrådet skal normalt gjennomførast fire gonger i året. Styringsrådet omfattar alle våre digitale fellesløysingar utanom eInnsyn, som har sitt eige styringsråd.

Kven deltek i styringsrådet?

Det er Digitaliseringsdirektoratet som peiker ut deltakarar til styringsrådet. Rådet skal ha 8-10 medlemmar, utgjere eit representativt utval av kundane.

Styringsrådet sine medlemmar skal representere si eiga verksemd sine interesser, samtidig som dei skal bidra til heilheita i forvaltninga av dei digitale fellesløysingane. Det er KS som representar kommunesektoren i styringsrådet.

Kontakt

Servicedesk