I styringsråd for eInnsyn den 16. mars var ny versjon av Bruksvilkår for eInnsyn oppe som sak. Bruksvilkårene blei godkjent i Styringsrådet. Vilkåra har tidligere vore ute på høyring, og den nye versjonen er gjeldande frå 20. mars 2023.
Bruksvilkåra var ute på høyring i to periodar i haust, og siste frist for tilbakemeldingar var 10. november, og vilkåra vart gjeldande etter godkjenning i Styringsråd for eInnsyn den 16. mars.
Fleire endringar
Det er gjort ei rekke tekstlege endringar og presiseringar i vilkåret. Det er også fjernet enkelte deler som ikke anses som relevante. I endringslogg for bruksvilkår kan du sjå alle endringar. Endringane omfattar mellom anna:
- Det er lagt til Signeringsdokument for eInnsyn
- Presisering knytt til finansiering
- Informasjon rundt samarbeidsforum
- Presisering rundt bruken av integrasjonspunktet i eFormidling
- Tjenestenivå