Ny avtale med Posten og eSignering trer i kraft 12. april, etter at Posten vann konkurransen om å levere digital signering også for dei neste åra. Oppdaterte prisar finn de her på Samarbeidsportalen.
Kva betyr ny avtale for våre kundar som tilbyr eller ynskjer å tilby eSignering som ein del av sine tenester?
- For dei enklaste produkta har bruksprisen auka
- Tilnærma lik pris for avansert og autentisert signering
- Tilkoblingspris er fjerna
- Enklare prismodell med færre variabler og kostnadselement
- Enklare å berekne brukspris og samla vederlag, basert på tal signeringar
- Minste kategori meldingsstorleik dekkar no dataobjekt inntil 1 Mb, mot tidlegare 0,3 Mb
Autentisert signatur vs Avansert signatur
Vi oppfordrar verksemdene å vurdere om avansert signatur bør eller kan erstatte autentisert signatur. Autentisert signatur er den mest brukte per 2023. Avansert signatur har sterkare beviskraft enn autentisert og er no prisa om lag likt. Dermed burde avansert signatur vere eit betre alternativ for verksemder som i dag krev autentisert signatur på “nivå høgt”.
Eksempel på når det likevel kan vere nødvendig med bruk av autentisert signatur:
- signatar/underteiknar skal kunne signere ved bruk av MinID
- ynskje om å utelate fullt fødselsnummer på det signerte dokumentet