Hopp til hovudinnhald

Førre veke sende Digdir ut fakturaane for bruk av ID-porten, desse gjekk ut til alle kundar med over 200 000 transaksjonar i avrekningsåret.

22. november 2023

Årleg fakturering

Kvart år på denne tida sender Digdir ut fakturaar for bruk av ID-porten. Dette finansierar bruk av eID frå private marknadsaktørar til autentisering i ID-porten og autentisering med MinID (eingongskodar på SMS).

Prisen per autentisering vart dette avrekningsåret (frå 01.10.2022 til 30.09.2023) på 0,37 kr. eks mva. og 0,46 kr. inkl. mva..

Auke i autentiseringspris

Som mange sikkert har sett så har prisen auka med 7 ørar sidan førre avrekningsår, det er to grunnar til dette.

1. Endring i SMS-prisar. Prisen per SMS har stege og dette gjenspeilar prisen per autentisering.

2. Høgare prisar i samband med ny eID-avtale. Nye prisar var gjeldande frå 01.01.22, altså hadde 1. kvartal i førre avrekningsår (2021-2022) gamle prisar, og snittprisen dette avrekningsåret vart difor lågare.

Les meir om grunnlaget for fakturering for ID-porten