Hopp til hovudinnhald

Digdir er i produksjon med ID-porten utland, eller Connect2Norway som tenesta vert presentert som for brukarane.

21. juni 2021

Tenesta gir utanlandske statsborgarar utan norsk ID-nummer høve til å autentisere seg mot offentleg sektor.

Foreløpig er ikkje ID-porten utland knytt opp mot noko teneste, men vil bli brukt for å gi tilgang på Covid-19 testresultat for denne brukargruppa. Digdir er også i dialog med andre verksemder som ønskjer å tilby tenestene sine for same brukargruppe.

Etter autentisering får brukaren vist sitt FH-nummer for identifisering på teststasjonane, og ein QR-kode som kan scannast av personell på teststasjonane:

Skjermbilde av løysinga som viser ein QR-kode som kan scannast

Les meir om innloggingsløysing for innreisande utan norsk ID-nummer