Hopp til hovudinnhald

Fagleg arena for datadeling og informasjonsforvaltning er ein fast møteplass for dei med interesse for problemstillingar knytt til arbeid med informasjonsforvaltning. Møta er digitale og åpne for alle.

30. januar 2024

Møta vert gjennomført dei fleste onsdagar kl 09:00-10:00 og du finn møta i Arrangement-oversikten på framsida på Samarbeidsportalen. Det blir lagt opp til at deltakarane kan stille spørsmål og dele historiar og erfaringar.

Har du forslag til tema for fagleg arena?

I morgendagens møte (den 31. januar) får du høyra Fagsystemavdelinga i Helseetaten i Oslo kommune fortelje om sine system innafor helse- og sosialtenester, og utfordringar kring tilgjengeleggjering og deling av data som er strengt regulert.

Skriv gjerne i Datalandsbyen om de har spørsmål til innleiarar eller forslag til tema for Fagleg arena, så tek vi med oss innspela vidare: Fagleg arena for informasjonsforvaltning og datadeling 31.01.2024 | Datalandsbyen (norge.no)