Hopp til hovudinnhald
19. august 2021

Ein delegasjon som jobbar med Digitale fellesløysingar på Leikanger-kontoret har denne veka tatt pulsen på Arendalsuka.

Kvifor er de tilstades på Arendalsuka?

Arendalsuka vart for oss ein veldig fin anledning til å møte og gjere opptak til årets Brukarråd. Vi har møtt fleire sentrale personar på Sørlandet og fått prata med dei om deira bruk av Digdir sine fellesløysingar. Endeleg fekk vi møte mange av dei vi har samarbeida med rundt eInnsyn i kommunal sektor, vi har skapt nye gode relasjonar og diskutert vidare utrulling i landsdelen. Formålet med turen var først og fremst å gjere intervju og opptak til vårt digitale Brukarråd som vert arrangert 28. og 29. september.

Kven frå Digdir er i Arendal no?

Bodhild Cirotzki, Stein Magne Os, Olav Skarsbø og Khan Li. I tillegg er Digdir sin direktør Steffen Sutorius og Malin Rygg fra UU tilsynet. Dei deltok begge i debatter på konferansen. Her kan du sjå debatten "Landskamp i digitalisering, DK-NO: 1-0? som Steffen deltok i.

Kva forventningar har de til Arendalsuka?

Arendalsuka sin initiativtakar, Øystein Djupedal, kalla arrangementet for eit demokratisk dansegolv. Årets Arendalsuke hadde over 1000 arrangement og tusenvis av deltakarar.

Vi hadde som målsetting å møte sentrale personar som vi har og skal samarbeide mykje med framover, både i kommune og fylkeskommunen og ikkje minst IKT-Agder som leverar IT-tenester til kommunane.

Kven har de møtt?

Vi hadde planlagt godt og gjort dei fleste avtalar før vi reiste. Vi fekk blant anna arrangert ein panelsamtale om openheit og innsyn i forvaltning med Harald Danielsen, rådmann i Arendal kommune, Knut Lindland, fylkesdirektør for innovasjon og organisasjonsutvikling i Agder fylkeskommune og Rune Johansen, dagleg leiar i IKT-Agder.

Vi gjorde óg intervju på gata med innbyggarar og engasjerte personar frå mange ulike frivillige organisasjonar.

Produktsjef for eInnsyn, Stein Magne Os hadde deretter ein samtale med Ann Helen Moum, digitaliseringssjef i Kristiansand kommune. Vi fekk óg innsikt i ein lokalpolitikar sin bruk og erfaring med eInnsyn, Inger Brokka de Ruiter. Ho er blant anna leiar av helsekomiteen, medlem av bystyret og formannskapet i Arendal kommune.

Vi gjorde óg opptak med politisk sekretær i Arendal kommune som delte sine erfaringar.

Opptaka vert no redigert og klargjort for bruk på Brukarrådet. Vi gler oss til å dele disse historiane med dykk. Har du ikkje meldt deg på årets Brukerråd enda så oppfordrar vi deg til å gjere det no. Konferansen er gratis. Les meir og meld deg på her.

Har de ein siste kommentar på tampen?

Det var godt og nyttig å møte folk igjen!

Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet

Olav Skarsbø

Forfattar

Olav Skarsbø
Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet

Emne

Kommenter

Felt merka med ei raud stjerne (*) er obligatoriske.

Innhaldet i dette feltet er privat og kan ikkje lesast av andre.
Er du eit menneske?
3 + 4 =
Solve this simple math problem and enter the result. E.g. for 1+3, enter 4.