Hopp til hovudinnhald

Ny løysing for tilsettpålogging i offentleg sektor

Ansattporten skal løyse behovet for pålogging som tilsett. Piloten skal gje oss praktisk erfaring og avdekke behovet hjå verksemdene.

    Offentlege verksemder har i mange tilfelle behov for autentisering av tilsette, både interne og eksterne.

    • ID-kontroll i samband med tilsettingar
    • Tilgang til interne system
    • Tilgang til eksterne system
    • Ekstern samhandling

    Dei fleste offentlige verksemder har i dag interne system for autentisering, gjerne gjennom Microsoft (AD). I nokre tilfeller der det er behov for sterkare autentisering har vi sett at ID-porten har blitt teken i bruk i tilsettsamanheng.

    Kva er Ansattporten?

    Slik vi ser det er ein tilsettpålogging i praksis ein kombinasjon av autentisering og autorisasjon. Gjennom ein tilsettpålogging ynskjer vi å knyte personen som autentisere seg med verksemda hen representerer, og eventuelt kva roller og rettigheiter hen skal ha på vegne av verksemda. Konseptuelt vil Ansattporten kunne forklarast som tre delar.

    • Ansattporten vil vere en frittståande kopi av dagens OIDC-provider. eID-selector vil designast som noko markant anna enn ID-porten, og det vil ikkje vere single-sign-on (SSO) til private tenester.
    • Det vil vere ein kopling til ulike eID-leverandørar. I piloten vil dette vere dei same som i ID-porten, men på sikt trenger det ikkje vere det.
    • Det vil vere ein kopling til eit autorativt register. I piloten vil denne kjelda vere Altinn Autorisasjon, men andre kjelder kan vere aktuelle seinare.

    Referansegruppe og pilotar

    Digdir har fått med seg nokre verksemder for å pilotere Ansattporten.

    • Husbanken
    • Fiskeridirektoratet
    • Politidirektoratet
    • NOKUT
    • HelseID

    Målet med piloten er å avdekke om konseptet Ansattporten kan svare ut dei behova verksemdene har. Til slutt skal Digdir gjere ein vurdering og kome med ei anbefaling om vegen vidare. Til å bistå oss med dette har vi ei referansegruppe som føl oss i arbeidet. Om de har spørsmål om Ansattporten, ta kontakt med oss på servicedesk@digdir.no

    Milepælar

    TidspunktAktivitet
    Våren 2024Ferdigstille erfaringsrapport
    Hausten 2023Sluttbrukerundersøking
    August/september 2023Kartleggingssamtale med pilotane - I kva grad opplevde pilotane nytte av Ansattporten i pilotfasen? Er konseptet hensiktsmessig å gå vidare med slik det er designa i dag?
    September 2022Husbanken har no, som første pilot, teke i bruk Ansattporten i produksjon
    Januar 2022Organisasjonsvelgar som let brukaren velge kven hen representerar
    Desember 2021Integrasjon med Altinn som autorativ kjelde
    November 2021Støtte for rike autorisasjonar (Rich authorization requests - RAR)
    Oktober 2021Etablere Ansattporten som eigen IDP utan single-sign-on (SSO)

    Kontakt

    Servicedesk