Vi nærmar oss første produksjonssetting på ny plattform
Tysdag 7. februar klokka 07.00 vert Maskinporten sett i ordinær produksjon på ny plattform. Maskinporten blir migrert saumlaust frå gamal til ny plattform, og skal påverke kundane i minst mogleg grad.